
Rune Henden: Pappaperm, pressefridom og pusterom på fjellet
I denne sommerserien intervjuer vi personer som på ulike måter har vært i kontakt med Metrics det siste året. Hva har preget første halvår – og hva ser de frem til når tempoet senkes og valget nærmer seg?
Denne gangen møter vi Rune Henden, markedssjef i Polaris Marked Nordvest.
– Hva er det beste som har skjedd deg så langt i år – og hva gleder du deg mest til i sommer?
– Det beste har utan tvil vore kombinasjonen av å få vere med og bygge opp Polaris Marked Nordvest frå grunnen av – med nye strukturar, nye moglegheiter og eit offensivt lag – samtidig som eg fekk nyte pappapermisjon til barn nr. 2. Den kombinasjonen har gitt både fagleg driv og menneskeleg dybde. Det å vere tett på familien i kvardagen gir ikkje berre ny energi, men også tid for refleksjon – både om livet og jobben. I sommar gler eg meg til å hente meir av den balansen – helst ved hytta på fjellet med telefonen liggande eit godt stykke unna.
– Klarer du å holde deg unna LinkedIn i ferien – eller scroller du videre mellom badepausene?
– Eg skulle gjerne sagt at eg held meg heilt unna, men LinkedIn er både inspirasjonskjelde og fagleg påfyll – også i ferien. Det blir nok eit scroll eller to mellom grilling og aktivisering av ungar, men eg prøver å setje grenser og heller bruke tida på folk eg faktisk har rundt meg.
– Hva tenker du om høstens stortingsvalg – hvilket parti mener du har den beste politikken for nyskaping og innovasjon? –
Eg meiner vi treng ein politikk som satsar på digital infrastruktur, lokal verdiskaping og aktiv næringsutvikling – ikkje minst i distrikta. Kven som har det mest heilskaplege programmet får vi sjå når valkampen verkeleg startar, men eg håper alle parti løftar fram innovasjon, pressefridom og ansvarleg teknologiutvikling. Det er avgjerande for både mediebransjen og samfunnet elles.
– Hva har kunstig intelligens betydd for din bransje det siste året?
– Kunstig intelligens har allereie endra kvardagen vår – både innan annonseproduksjon, innsikt og kundedialog. AI hjelper oss å arbeide smartare og forstå data betre, men det utfordrar oss også til å tenkje nytt om kva som gir verdi. Den største styrken ligg i å bruke AI som eit verktøy som forsterkar det menneskelege – ikkje som ein erstatning.
– Hva er ditt viktigste mål for høsten?
– Å vidareutvikle salgsarbeidet. Målet er å vere enda meir relevante i ein krevjande annonsemarknad, og samtidig bygge ein sterk kultur for samarbeid og prestasjon. Og så er det å prioritere trening i kvardagen – både for å halde kropp og hovud i form.