Du har vel ingenting å skjule?

Så da har du vel ingenting i mot at alle dine meldinger kan bli gjennomgått, lagra og brukt mot deg?

Publisert Sist oppdatert

.. Eller?

Når dere veit at eg jobbar med digital sikkerheit så er det vel ikkje så vanskeleg å forstå at eg også har ei viss forkjærligheit for prosessar, planar og ikkje minst reguleringar.

Viss det er ein aktør som er stor på reguleringar så er det nettopp EU. Det trur eg vi alle kan vere einige om.

Så er det jo også sånn at det ikkje nødvendigvis er alle reguleringar som regulerer det du ville at dei skulle regulere... og i verste fall kan få store uante konsekvensar...

Eg vil gjerne snakke litt om Chat Control 2.0

Kort fortalt så er intensjonen bak Chat Control 2.0 å bekjempe spreiinga av overgrepsmateriale av barn. So far so good...

Problemet er at verktøyet EU foreslår for å "finne" slikt innhold er å krevje at det lages bakdør i alle app'er for deling av informasjon og innhold. Også dei som tilbyr ende til ende kryptering. Slik at alt av innhold kan gjennomgås – for å finne nettopp slikt overgrepsmateriale.

Forslaget har sjølvsagt fått massiv støtte så vel som massiv kritikk. Som også har gjort at forordninga har fått utsatt avstemming fleire ganger då det opprinnelege forslaget er lagt fram så langt tilbake som i 2022.

Eg kan ikkje seie anna enn at eg forstår begge sider, men spørsmålet er vel om det er denne "bakdøra" som er løysinga til hovudspørsmålet: "korleis få bukt med overgrepsmateriale av barn?"Eller om løysinga baner veg for eit heilt anna problem – at ingen tjenester lenger vil ha anonymitet?

Eg tenker at det vi må ta med oss frå denne diskusjonen er viktigheita av at dei som har rett kompetanse er med når lovforslag som skal regulere teknologien vi brukar, blir utforma og ikkje minst vedtatt.

For å få ei god lovregulering (eller anna vedtak) så må:

  • Rett kompetanse bli tatt med i FORarbeidet
  • Det legges til rette for bred involvering frå faggrupperingar (herunder teknologar, juristar, journalister, forsvar, osv) gjennom heile prosessen
  • Det gjerast gode risikovurderingar
  • Det legges til rette for å endre retning. "Ingen skam å snu" gjelder i aller høgste grad også i politikken!

Kva trur du?

Powered by Labrador CMS